Fleirtalet får alltid treff

Det er i dag 125 år sidan jamstellingsvedtaket.

«Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.»

Eg tar Berit Rekve sine oppmodingar om å utfordra seg sjølv språkleg på alvor og prøvar meg på ein nynorsk bloggpost. Om nynorsk som digitalt språk i ein verd av fritekstsøk, der valet av ord og (ikkje meining) er det som avgjer om lesarane finn det dei leiter etter.

Trass i at eg er bergensar, trass i at mitt daglegspråk er bokmål, trass i at eg slit fælt med hokjønnsforma og verb med a-ending (de får korrigera i kommentarfeltet), er eg likevel uroa over nynorsken si skjebne.  Eg jobbar nemleg dagleg med språk, formidla i digitale kanalar. I nokre år har eg jobba med reiseliv, og nettstader som har ei einaste hensikt:  Dei skal promotera reiselivsnæringa for å sikra lokal verdiskapning i dei kommunane som held nynorsken i hevd. Men i ei tekstverd som er styrt av søkemotorfiltrar og ordstyrte relevanskriterium, vert mindretalets språkformer pressa. Ein produserer i aukande grad innhald på bokmål, fordi det gjer deg betre synleg. Og ein brukar bokmålsomgrep når ein søkar. Fordi det gjev betre treff. Graset er enkelt og greit grønare på bokmålet si side.

Eg spurde på Twitter kva råd følgjarane mine ville gi til nynorske nettstader som skal gjere seg attraktive for søkemotorar. Søkemotoreksperten Roar Eriksen svarte:

Nynorsk-siter har et problem der. Nynorsktalere søker bokmål viser de fleste undersøkelser. Så det er nærmest umulig🙂

Anders Ekkje Slettebø svarte

Nynorsk og seo (søkemotoroptimalisering, min anm) er vel egentlig en selvmotsigelse? Bruk http://google.com/insights/search og sammenlign!

Bodil Sandøy Tveitan, som jobbar med reiselivsteknologi, gav nokre tips:

Du kan tillate deg å bruke bokmål i title-taggen for de viktigste søkeordene. Du kan og sakse gode omtaler fra aviser (bokmål) på egne sider.

Kortversjonen er: Skriv bokmål. Om du på daud og liv må skriva nynorsk, lur inn nokre bokmålsord. Resultatet av det som skjer er at meir og meir innhald vert produsert på bokmål, og at nynorsk vert marginalisert som jamstelt språk fordi det rett og slett ikkje er jamstelt av søkemotorane, men behandla som et eige språk,  ikkje ein språkvariant. Dette er eit språk som nesten ingen skriv. Og det er kvantiteten som gjeld i det søkedrevne verdsvev-paradigmet. Den samhandlingsbaserte innhaldsmodellen gjev som ein ekstra straff dei mest brukte språka fordelen av fleire bidrag. Sjå berre forskjellen på kva resultat du får på «forfattar» og «forfatter» på wikipedia. Jobben er stor. Heldigvis er det utvikla oversettjingsverktøy som gjer han litt enklare. Om ein gidd, då. For søkemotorane speller det ingen rolle frå eller til.

I lys av alvoret av desse utfordringane, vert eg overraske over å sjå at det er  vanskeleg å finna gode råd om søkemotoroptimalisering for nynorske nettstader. Eg er og overraska over at ikkje Google har vært sett under press for å endre algoritmen sin slik at han jamsteller dei to språka, og leser det eine ordet som ein språkvariant av det andre. Ikkje la deg lure av eit nynorsk grensesnitt på Google-framsida. Maskineriet bak er det same: I dag er søkomotorane sine indeksar nynorske mordlistar. Kvar er målrørsla? Og kor er dei i dei spanande diskusjonane om den semantiske verdsveven, som potensielt vil kunne opne opp for tenester på nettet knytt til meiningsinnhald, ikkje ordlyd, og soleis (i en jamstelt framtid) fri oss frå fritekstsøket sitt fleirtalsdiktatur.

Sett frå min ståstad ser det ut som om målrørsla kun kjempar slag i overflata, og lukkar auga for den strukturelle krigen.
I målstriden, versjon 2.o,  må ein ta i bruk digitale våpen med grovt kaliber.

4 kommentarer om “Fleirtalet får alltid treff

  1. Interessant tema. Som nynorskbrukar har eg sjølv gått så langt som å konvertera til bokmål når eg skulle etablera og gjera nettstadene mine kjende (og gje ut ei bok som ikkje kunne skrivast på to målformer). Dermed blir ein litt schizofren, der ein skriv og snakkar tilnærma nynorsk privat, medan den offentlege personen er kjend for å uttrykkja seg på eit slags bokmål.

    Du stiller spørsmål om kva ein kan gjera for å få betre søkemotorresultat for nynorsk, men det er vel ikkje eigentleg der problemet ligg. Sjølv om du fekk treff frå 100% av dei som søkte på nynorsk ville det vera så få at tenesta/nettstaden neppe vart berekraftig. Med mindre ein også får treff frå bokmålsfolket. Men sjøv om treffa hadde kome inn viser vel erfaringane at brorparten av bokmålsbrukarane ikkje er komfortable med innhald på nynorsk. Nynorske har altså ein lagnad som er felles for alle verdas småspråk. Trafikken blir for låg, og det er ikkje lett å gjera noko med det, anna enn å oppfordra til meir kjønnsleg omgang i håp om å få opp storleiken på barnekulla. Det hjelper lite at alt ligg til rette på det strukturelle planet dersom det berre er 5% av totalen som er nynorskbrukarar.

    Enkeltpersonforetaket mitt fekk fleire kundar etter at eg la om illustratør-nettstaden min frå nynorsk til bokmål. Det har vel berre med skepsis til nynorsk og nynorskingar å gjera, ikkje noko anna, sidan søkeordet er «illustratør» i båe tilfella. Men for å treffa heile målgruppa med Frilansinfo.no var eg nøydd til å skriva på bokmål. Ikkje nødvendigvis for å bli funnen på Google, men enkelt og greit fordi bokmål er målforma til størstedelen av målgruppa. Å gje avkall på fleirtalet av lesarane ville forretningsmessig sett ikkje vore noko sjakktrekk. Alternativet ville vore å ha to utgåver av same nettstad, men det er ressurskrevjande. Eg trur diverre nettet kjem til å framskunda prosessen med å gje oss ei samla hovudmålform, medan nynorsken kjem til å leva vidare som eit personleg skriftspråk.

  2. Interessant tema Anders.

    Har ikkje så mykje å tilføye, men kom til å tenke på dette treningssenteret (http://www.mykjemeir.no/), dreve av lustringen Yngvar Andersen. Dei har nynorsk som hovudspråk, med ei bokmålsside som alternativ. Litt meir arbeid, ja, men det gjev både søk og ein litt artig dimensjon rundt det å drive treningssenter midt i Oslo 3.

    Ellers tykkjer eg du fiksa det greit å skrive nynorsk. Eg gjev deg karakteren G+.

  3. Viktig emne Anders!
    Har mange eksempel på reiselivsnettsider som sliter med denne problemstillingen. Språket er en så stor del av identiteten til destinasjonen, at nettside på bokmål nesten ikke er et alternativ.

    Men faktum er jo som de fleste skriver over her at det er en håpløs kamp… Google-dyret er for stort.

    Så mine beste råd er å være kreativ for å finne måter å komme rundt problemet.
    Eksemplene du siterte meg på er noen, et annet kan være å gjøre noe a la http://www.dialektskjurta.no. En Bø-bedrift som lager dialekt t-skjorter. Altså en nettside der språket i aller høyeste grad spiller en rolle.
    Der kan du velge hvilken dialekt du vil at velkomstmeldingen på siden skal vises på.
    Kanskje kan en destinasjon gjøre det samme??
    Lage en god beskrivende tekst om reisemålet med alle de viktigste søkeordene, og lag en morsom vinkling ut av at de besøkende kan velge å se den på den lokale dialekten, nynorsk eller på «sør for Sinsen»-mål😉 Eller noe i den dur…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s